Kvam LSK Startar Skiskyttersesongen på Geilo

Forrige helg markerte starten på skiskyttersesongen for Kvam LSK, og for ei flott opning det vart! Heile 16 utøvarar frå klubben stilte til start i Sparebank1 Cupen på Geilo, og for mange av dei var det første gong på snø under skia denne sesongen. Nokre fekk også prøve å skyte med reim for første gong, så spenninga var stor før start.

3 nye nybyrjarar stilte til start

Marie Norheim, Bartholomäus Möller og Tiril Elise Vestbø, var med for første gong i eit skiskytterrenn. Dei leverte gode løp, med presis skyting og god fart i løypene – ein flott start på sesongen. Veldig kjekt og håper fleire blir med utover sesongen.

De andre utøvarane frå Kvam LSK

I J11 år var Elektra Möller og Kaja Høen Mo med, og dei gjorde ein solid innsats både på standplass og i løypene. Asbjørn Norheim stilte til start i G12 og viste god skyting og fin fart på ski.

Sunniva Vestbø klinka til med 10 treff begge dager som resulterte i to flotte 2.plasser i J12. Ein imponerande innsats!

Isabella Rose Burgess Opheim og Sigrid Norheim (J13), samt Jørgen Måkestad (G13), prøvde reim for første gong på skytebanen, og alle leverte gode løp.  Jørgen gjorde spesielt godt på fellesstarten søndag, med ein sterk 6. plass. Balthasar Möller (G14) viste også god skyting og solid innsats på standplass.

I J14 stilte Synneva Laupsa Mo og Perle Nygård til start, og Synneva imponerte på fellesstarten søndag, der ho gjekk inn til ein sterk 6. plass. Ronja Måkestad (J15) og Philomene Möller (J16) gjekk også flotte renn begge dagar.

Ein av helgas største høgdepunkt kom frå Andrea Sørheim Almeland i K19, som leverte eit strålande løp på sprinten fredag og vann heile konkurransen!

Hanna Børve deltok i ASKO-cupen for K senior, og òg ho leverte eit kanon løp, med ein solid 12. plass.

Klar for Treningssamling på Liatoppen

Med sesongen no i gang, ser vi fram til fleire spennande renn. Neste helg reiser Kvam LSK på treningssamling på Liatoppen i Ål, og vi gler oss til å fortsette utviklinga, samtidig som vi får tid til både trening og sosialt samvær.

Vi ønskjer alle utøvarane lykke til vidare og er stolte av innsatsen på Geilo!