
Gaute Øymo Mælen var godt nøgd med 2.plass sjølv om det berre stod om eit sekund!
Laurdag 27. januar skipa Voss IL til krinsmeisterskap i klassisk stil i Voss ski- og tursenter. Kvam LSK stilte med 7 utøvarar.
Gaute Øymo Mælen gjennomførte eit sterkt løp og enda på sølvplass berre eit sekund bak krinsmeister i klassen for gutar 15 år. Ingrid Brattabø var også involvert i ei sekundstrid med si sølvplass berre 3 sekund bak krinsmeister i klassen for jenter 15 år. Sondre Brattabø tok bronse i klassen for gutar 13 år 32 sekund bak krinsmeistaren. Gratulerer med medaljane!

Sondre Brattabø med 3.plass i klassen for gutar 13 år!
I klassen for menn 19-20 år deltok Ingmar Njaa og enda på 5.plass på ein dag han sjølv meinte ingenting stemte. I klassen for gutar 11 år var det veldig jamnt og Ådne Kjosås var berre 14 sekund bak fyrsteplassen, men enda på 5. plass. Bra jobba av begge to.
Dei to yngste blad Brattabø deltok også i høvevis gutar 10 år (Eirik) og jenter 8 år (Kristin).