Glad stafettgjeng! (Foto: Jan Tore Tveit)

Laurdag 24. februar arrangert Voss IL Parkstafetten i langrenn på Voss ski- og tursenter. Kvam LSK stilte med 4 lag i klassane 8-10 år og 11-12 år. Grunna sjukdom vart det litt 6 lag redusert til 4 og med litt omrokkeringar på laga der jenter vart med i guteklassen klarte me å stille 4 fulltallige lag.

I klassen for gutar 8-10 år stilte klubben med to lag. Eskil Høen Mo, Hans Rykkje og Torje Laupsa Mo deltok på lag 1, mens Anved Tombre Soldal, Vijus Vencius og Synneva Laupsa Mo stilte for lag 2. Det er ikkje rangering på resultatlista i denne klassen, men me kan seie at lag 1 gjennomførte ei veldig god stafett. MEN, god innsats av begge laga!

I klassen for gutar 11-12 år stilte klubben med Jarand Valland Tveit og Asgaut Laupsa Mo på lag 1 der Jarand gjekk 1. og 3. etappe. Laget kom over målstreken som nr. 2, men grunna bruk av løpar på to etappar vart dei deplassert. På lag 2 som endte på 7.plass stilte Andrea Sørheim Almeland, Hedda Høen Mo og Frede Gravdal. Flott innsats av begge laga!

Resultatliste

Fleire bilete:

Jarand Valland Tveit og Andre Sørheim Almeland klar til stafettstart! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Veksling mellom Jarand Valland Tveit og Asgaut Laupsa Mo! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Ny veksling mellom Asgaut og Jarand! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Andrea Sørheim Almeland og Hedda Høen Mo ved veksling! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Hedda Høen Mo veksler med Frede Gravdal! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Anved Tombre Soldal inn til veksling! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Synneva Laupsa Mo på veg mot mål! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Hans Rykkje veskler med Torje Laupsa Mo! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Nøgd gjeng på premiering i klassen gutar 8-10 år. Frå venstre Synneva Laupsa Mo, Vijus Vencius, Anved Tombre Soldal, Torje Laupsa Mo, Hans Rykkje og Eskil Høen Mo. (Foto: Silje Laupsa Mo)

Frede Gravdal, Hedda Høen Mo og Andrea Sørheim Almeland på premieutdeling! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Jarand Valland Tveit og Asgaut Laupsa Mo på premieutdeling! (Foto: Silje Laupsa Mo)