Hanna Børve klar til skyting!

I helga har 4 utøvarar frå Kvam LSK vore i Holmenkollen og delteke på Bendit KvalfossSprinten. Dette er eit årevis arrangement som samlar særs mange skiskyttarar i alderen 13 år til 16 år.

Under laurdagens sprint var det Ingvild Lilletveit Kvåle som hadde beste plassering med ein sterk 8.plass med 8 treff i klassen for jenter 14 år. Vilde Lunde Alvik fekk da ikkje skikkelig til på standplass denne dagen med 6 bom og enda då på 46.plass i den 52-jenters store 14 årsklassen. Anders Aalvik Stranden skaut bra i G15-klassen med 9 treff, men dei beste av dei 84 gutane var vesentleg raskare i sporet denne dagen og Anders enda på ein fin 23.plass. Hanna Børve skaut 8 treff og enda på ein fin 16.plass litt bak dei beste jentene i sporet i den 51-jenters store J16-klassen.

Hanna skaut 9 treff under sundagens normalprogram og med bra fart i sporet enda ho på ein flott 8.plass. Anders var ikkje like stødig på standplass sundag og enda på 43.plass med 5 bom. I J14-klassen var det variabel skyting og Ingvild med god fart i sporet fekk ein flott 13.plass sjølv med 4 bom. Vilde hadde betring på standplass med 6 treff og enda på 40.plass sundag.

Strålande innsats av alle fire begge dagar!

Resultat laurdagens sprint
Resultat sundagens normal

Nokre bilete frå helga:

Ingvild Lilletveit Kvåle trøkte til i sporet!


Nasjonalarena!

Anders AalvikStranden før start!


Overnattingsplassen – Scandic Holmenkollen Park!


Vilde Lunde Aalvik var nøgd med helga i Holmenkollen!