Norgescup på Lygna, Gla’laks cup i Årmotslia og Sparebankrenn i Herresåsen.

Junior/senior skiskytterane har vore i aksjon på Norgescup i helga. Hanna Børve slo til med 3. plass på sundagens sprintprogram etter ein 4.plass på laurdagens normalprogram. Malin Auganæs Bergtun og Sindre Gjøsæter gjekk også begge dagane.

Skiskytterane i dei aldersbestemte klassane gjekk sesongens første gla’laks renn. Anders Aalvik Stranden M 18 klinka til med første plass! Jakob Aarekol Botnen G 11 og Torje Laupsa Mo G 12 gjekk inn til kvar sin tredje plass. Synneva Laupsa Mo J 10, Eskil Høen Mo G 12, Hedda Høen Mo J 14, Andrea Sørheim Almeland J 14, Asgaut Laupsa Mo G 14 gjekk også flotte løp.

I Herresåsen gjekk langrennsløparane sparebankrennet. Jonas Hauger M 17 gjekk inn til 2. plass og Teodor Græsdal Pedersen G 15 gjekk inn til 3. plass.

Klubben gratulerer med gode prestasjonar av alle utøvarane og vel blåst helg til støtteapparatet.

Bilder frå dagens glalaks renn kan du sjå under. Alle foto: Silje Laupsa Mo