Kvam langrenn- og skiskyttarklubb (Kvam LSK) var godt representert på årets Blinkfestival. Blinkfestivalen har sidan 2006 gått av stabelen i Sandnes der det er konkurransar i skiskyting og langrenn. Konkurransane føregår på rulleski. Her møtest idrettsutøvarar på alle nivå, frå verdenseliten til aldersbestemte klassar.

Klubben deltok både på konkurransar i gatene i Sandnes og motbakkerennet «Lysebotn opp». Samtlige gjorde ein flott innsats. Ein spesiell gratulasjon til Hanna Børve som gjekk inn til ein 2. plass i sin klasse.

Klubben er stolt over deltakinga på Blinkfestivalen. Deltakarane får treffa mange flinke idrettsutøvarar frå heile landet. Samtidig er det ein ekstra motivasjon å sjå verdenseliten i aksjon.

Under kan ein sjå oversikt over kven som deltok frå klubben, samt bilder.

Deltaking frå klubben på «Lysebotn opp» torsdag 1. august

  • Synneva Laupsa Mo, klasse «jenter 10 år og yngre»
  • Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo, klasse «gutar 12 år»
  • Ådne Kjosås, klasse «gutar 13 år»
  • Asgaut Laupsa Mo, klasse «gutar 14 år»
  • Sindre Gjøsæter, klasse «Menn senior»

Deltaking frå klubben på skiskyting i Sandnes fredag 2. og laurdag 3. august

  • Hedda Høen Mo gjekk i klassen «jenter 14 år»
  • Asgaut Laupsa Mo gjekk i klassen «gutar 14 år»
  • Hanna Børve gjekk i klassen «kvinner 19 år»
  • Sindre Gjøsæter gjekk i klassen «Menn 20-21 år»

Deltaking frå klubben på langrenn i Sandnes fredag 2. og laurdag 3. august

  • Synneva Laupsa Mo gjekk i klassen «jenter 8 år»
  • Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo gjekk i klassen «gutar 12 år»
  • Ådne Kjosås gjekk i klassen «gutar 13 år»

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter