KLubbkolleksjonOnsdag, 19. november er det klubbkveld hjå Mo Sport. Der presenterer me den nye Kvam LSK kolleksjonen frå Bjørn Dæhli (Bj). Me har fått designa ei stilig kolleksjon med treningskle set saman av konkurransedress, treningsdress og vest. Utfordringa vår har vore at produsentane endrar på fargar og snitt nesten år for år som gjer det vanskeleg å halde fast med likt klubbtøy. Derfor har me fått laga våre eige som me vil halde fast ved i dei komande 3 åra.

Me er heldige som har rause og gode sponsorar i Sparebanken Vest, GBS, Botnen Entreprenør, Kvam Kraftverk og Mo Sport. Dei bidreg med midlar til ytterjakkene frå Norrøna og Bergans slik at medlemmane kan kjøpe desse til ein særs fordelaktig pris. Klubben og MoSport sponsar konkurransedress for 17 år og yngre slik at den koster berre 500 kroner. I tillegg sponsar klubben 50 % av klubbvesten ved kjøp av treningsdress. Velkomen til «synfaring» og handel i morgon. Les meir om tilbodet her:

2014_11 Klubbkolleksjon Kvam LSK_endeleg