Kvam LSK

Kvam langrenn- og skiskyttarklubb driv idrettsskule, held treningar, arrangerer renn og tilbyr kursing.

Dugnadsarbeid

Gjennom skisesongen er det stor aktivitet på Sjusete. Kvam LSK arrangerer serierenn i langrenn og skiskyting i perioden januar – mars, samt fleire kretsrenn. I tillegg er det skitreningar, skileik og idrettsskule.

For at klubben skal kunne tilby slike arrangement og aktivitetar er me avhengige av dugnadsarbeid. Klubben set i god tid før sesongen opp funksjonærlister, og brukar personar som har aktive born på Sjusete gjennom skileik, skitreningar og serierenn.

Me håpar alle ser gleda i å kunne bidra for at arrangementa skal kunne gjennomførast.

Funksjonærlistene for sesongen kjem i god tid før sesongen er i gang. Ynskjer du i bidra? Ta kontakt på e-post: kvamlsk@hotmail.com

Siste nytt

Følg med på aktiviteten på Sjusete og i Kvam LSK.

Liatoppen Skiskytterfestival 2025

  Resultat frå helga: På fredag var det kun stafetter som vart gått på Liatoppen. Mixlaget i 13-16 år starta ballet. For Kvam LSK gjekk utøvarane Maylinn Hellene Fonneland, Jørgen Måkestad og Balthasar Möller inn til ein god 29.plass, før jentelaget i 13-16 år...

Skiskyttarrenn i Myrkdalen

Her er resultata frå dagens renn i New Boliden Green Zink Cup. I klassen jenter og gutar 10 år og yngre hadde me 4 utøvarar som gjekk. Bartholomäus Möller, Bror Nygård, Marie Norheim og Tiril Elise Henriksen Vestbø. Dei gjekk fine renn alle sammen, og skaut godt tross...

Skiskyttarane på Kvalfossprinten

Denne helga stilte Kvam Langrenn-og Skiskyttarklubb med 9 utøvarar i klassane 12-15 år i Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen. Dei gjekk flotte renn, og hadde hard konkurranse mot over 500 utøvarar frå resten av landet. Perle Nygård og Synneva Laupsa Mo gjekk i klassen...

IDRETTSSKULE

SKILEIK

SERIERENN

SKISKYTING

Torefjellsrennet
Film av Hardangerfjord Media AS

Skøytekurs

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb tilbyr kvar vinter skikurs for vaksne. Me tilbyr både kurs i skøyting og klassisk – både for erfarne og nybyrjarar. Instruktør er Tom Erling Halvorsen, som har solid trenarutdanning frå Norges Skiforbund som instruktør.

Vinteren 2019/2020 vil me også tilby kurs. Nærare informasjon kjem.