4 utøvarar og eit solid støtteapparat frå Kvam LSK i 13-14 års klassane reiste helga 25-27. januar til Holmenkollen i Oslo, for den årlege Kvalfossprinten.

Holmenkollen sitt skianlegg vart sjekka ut av halvparten av utøvarane og dei mest ihuga i støtteapparatet allereie fredag. Det er veldig stas og få lov å gå i same løypene ein har sett dei store heltane går i.

Laurdagen var det tidleg innskyting og tidleg renn på gjengen i frå Kvam. Sprint program, altså med strafferundar. Trym Gauteplass Skår (G14) leverte ein flott 1. skyting med fire treff. 2. serien vart litt meir rufsete og det vart ein treff. Dessverre gjekk Trym litt for langt mellom skytingane, noko som medførte at han vart diska. Asgaut Laupsa Mo (G13) hadde to treff i begge seriane, gjekk godt i sporet og enda på ein fin 53 plass av 93 startande. Andrea Sørheim Almeland (J13) traff tre blinkar på første skytinga og ein blink på siste skytinga. Andrea enda på ein flott 37 plass av 48 startande. Plassen føre lagvenninna Hedda Høen Mo som leverte veldig flott skyting med tre og fire treff.

Sundag var det normal program, altså tilleggstid for kvar bom. Det var ein rufsete dag i Holmenkollen. Mykje vind, snødrev og kaldt. Gjengen frå Kvam hadde sein innskyting og seine renn denne dagen. Forholda frå innskyting til renna starta vart ikkje bedre og vinden kom frå alle kantar. Trym Gauteplass Skår var nok ei gong først ut frå Kvam. Han enda på ein flott 58. plass av 73 startande. Han traff tre i første skytinga og to i neste. Godt jobba med vanskelege skyteforhold. Asgaut Laupsa Mo nytta tida på skytebanen godt og enda opp med tre treff i begge seriane. Han gjekk veldig godt i sporet og enda opp på ein kjempe flott 19. plass av 88 startande. Nest best av alle frå Hordaland. Andrea Sørheim Almeland nytta også tida på skytebanen og leverte ein førsteserie med 4 treff. Kjempe bra skyting av Andrea som byrja på skiskyting i haust. Dessverre fekk ikkje Andrea løyst eit einaste skot på neste serie, då sluttstykke var frose! Andrea gjekk godt og enda på 23. plass av 44 startande. 3 best av jentene frå Hordaland. Hedda Høen Mo traff 3 i første serien og to i andre serien. Sterk skyting i utfordrande forhold. Hedda tok seg godt ut i sporet og enda på ein flott 26. plass. Alle dei fire frå Kvam LSK fekk vanskelege skyteforhold, noko restultatlistene viser. Det vart mykje bom på mange. Sterk vind, med snødrev gjorde det heile til ei kald oppleving.

Alt i alt er me svært stolt av 13- og 14-åringane våre. Me gleder oss til tida framover. I slutten av sesongen møter ein dei same utøverane att, på Liatoppen. Støtteapparatet restituerte med smørjekurs, god glid uten fluor. Og ei god stund med gliding av ski i etterkant. Ungdommane både lada opp og restituerte godt i bassenget på hotellet. Kjekt og reisa på tur med så flotte skiskyttarar.

Resultatlister

Fleire bilete:

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter