Kristin SandeKristin Sande frå Kvam Lsk gjekk til topps på sprinten under Sparebank1Cup på Liatoppen i helga. Ho gjekk sigrande ut av tvikampen med Kristiane Holm frå Simostranda og vann med 49 sekundar etter 2 strafferundar på ståande medan Holm hadde ein runde. I fjor var Holm rekna som mogelegvis den beste skiskyttaren i Noreg i denne klassen. Kristiane vann mellom anna både sprint og normal distansen under Bendit KvalfossSprinten i Oslo i fjor. Begge studerer på NTG på Geilo. Det er berre å gratulere Kristin med framifrå start på sesongen. Heia Kristin!