Kristin Sande frå Kvam Lsk gjekk eit fenomenalt løp og vann K18 i sprint under Norgecup’en på Birkebeineren Skistadion på Lillehammer. I kaldt vær starta ho kontrollert. Inn til fyrste skyting var ho nr 8. Der skaut ho ein bom. Likevel gjekk ho seg opp til 5. plass inn til 2. skyting. Der fylte ho alle blinkane og var i tet med 7 sekundar. Inn mot mål auka ho berre forspranget og vann til slutt med 31 sekunder føre neste kvinne Kristiane Holm frå Simostranda IL.
Malin Auganæs Bergtun hadde ikkje heilt dagen i K19 der ho til slutt vart nr. 19 etter 2 bom på liggande og 4 på ståande skyting. Sindre Gjøsæter viser gode takter i M17. På sprinten i dag vart det ein 17. plass etter feilfri skyting på liggande, men totalt 4 bom på ståande vart det for tungt å hente så mange plassar. Sindre var heilt oppe på 5. plass ut frå 2. skyting. Sindre viser at han har kapasitet til å hevda seg heilt der oppe. Me er viss på at det er berre spørsmål om tid før han får ut kapasiteten i eit renn. Me gratulerer dei drivande dyktige skiskyttarane våre!.
Resultata finn du her