Erling ut frå skyting i Orkdal

Kristin Sande og Erling Aalvik frå Kvam Lsk gjekk til topps under Norgescup’en i skiskyting på Knyken Skisenter i Orkdal denne helga. Frå starnummer 34 gjekk Kristin inn til siger på sprinten for kvinner 17 år sundag. Ho hadde berre ein bom og vann suverent heile 44,9 sekunder føre neste kvinne. Laurdag vart ho nummer 11. Erling Aalvik tok ein knallsterk siger på fellestarten for seniorane. Han vann med solide 18,5 sekund laurdag etter 3 bom. Sundag gjekk Erling inn til 18. plass. Malin Auganæs Bergtun gjekk to gode løp. Laurdag vart ho nummer 19 på fellestarten for kvinner 18 år med 8 bom. Sundag låg Malin heilt opp på 6. plass etter feilfri liggjande. 3 strafferundar etter ståande skyting førte ho inn på ein særs respektabel 12. plass.