Ådne Kjosås i aksjon under sundagens Team-sprint

Ulvik inviterte helga 9-10. februar til krinsmeisterskap i fristil og sprintstafett. Kvam LSK stilte med 6 utøvarar laurdag og 5 utøvarar sundag.

På laurdagens fristilrenn deltok Marita Tombre Soldal (J8), Anved Tombre Soldal (G9), Ådne Kjosås (G12), Teodor Græsdal Pedersen (G14), Jonas Hauger (G16) og Endre Berg Leiren (M18). I dei yngre klassane enda Ådne Kjosås på 4.plass, mens yngre enn 11 år ikkje vert rangert. Frå og med 13 årsklassen vart det delt ult medaljar i krinsmeisterskapen der Jonas Hauger fekk bronseplass. Teodor G. Pedersen enda på 9.plass og Endre B. Leiren enda på 4. plass. Bra innsats av alle saman!

Resultat KM fristil

Teodor G. Pedersen (til høgre) klar på start i teamsprinten!

Sundag stod krinsmeisterskapen i teamsprint på programmet der to konkurrerte i lag med fleire etappar kvar. Klubben stilte med to reine lag, mens Ådne Kjosås fekk delta på lag med ein vossing. I klassen for gutar 13-14 år kjempa Teodor G. Pedersen og Jarand Valland Tveit seg inn til bronseplass. Jonas Hauger var sporty og tok steget opp i menn 17-20 år og deltok på lag med Endre B. Leiren der dei enda på 4. plass. Ådne Kjosås og vossingen Viljar Døssland enda på 2. plass i klassen for gutar 11-12 år. Flott jobba av alle lag!

Resultat Sprintstafetten

Fleire bilete:

Teodor G. Pedersen under laurdagens fristilrenn!

Jonas Hauger med bronseplass under laurdagens KM fristil

Syskena Marita og Anved Tombre Soldal var nøgd med premiane etter laurdagens renn!

Ådne Kjosås (til høgre) klar til start under sundagens teamsprint

Endre Berg Leiren i fart under teamsprinten!

Jonas Hauger på veg til veksling under teamsprinten

Ådne Kjosås (venstre) og Viljar Døssland på lag under teamsprinten

2.plass til Ådne Kjosås på teamsprint

3. plass til Jarand Valland Tveit og Teodor Græsdal Pedersen under teamsprinten

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter