Sundag 3. mars vart det arrangert KM normalprogram i skiskyting i Voss Ski- og tursenter. Kvam LSK stilte med 12 utøvarar i alderen 8-14 år.

I 13-årsklassen slo Hedda Høen Mo Asgaut til med klassesiger og kan då titulere seg som krinsmeister. Ho skaut berre 1 bom der alle dei andre i klassen såg ut til å slite meir med skytinga. Gratulerer! I same klasse deltok også Andrea Sørheim Almeland som enda på 7. plass.

Krinsmeister 13 år Hedda Høen Mo!

Både Trym Gauteplass Skår og Asgaut Laupsa Mo enda på 4. plass i høvevis 14- og 13-årsklassen. I klassen for gutar 11 år stilte Kvam LSK Med 3 utøvarar der to enda på pallen. Torje Laupsa Mo fikk 2.plass, Eskil Høen Mo 3. plass og Henrik Mo Seljebotn 8.plass. Flott innsats!

I dei yngste klassane deltok Vijus Vencius (9 år), Anved Tombre Soldal (9 år), Tuva Gauteplass Skår (9 år), Synneva Laupsa Mo (8 år) og Hans Rykkje (10 år). Bra jobba!

Resultatliste

Fleire bilete (alle teke av Silje Laupsa Mo):