Laurdag 28. januar reiste 9 utøvarar frå Kvam LSK til Ulvikarennet klassisk som var krinsmeisterskap for 13 år og eldre. Drevtjørn ski- og tursenter hadde greit med snø, men støtteapparatet måtte fram med klisteret for å finne feste i dei noko harde spora.
Kristin Brattabø, Tomas Græsdal Pedersen, Eirik Brattbø og Ådne Kjosås strutta av energi og gjennomførte flotte løp i klassane 8-10 år. I klassen for gutar 12 år deltok både Sondre Brattabø og Teodor Græsdal Pedersen, der Sondre kom på 1.plass (22 sek. foran nestemann) og Teodor enda på 6.plass.
Marta Mo gjennomførte eit bra renn i klassen for jenter 13 år og enda på bronseplass i krinsmeisterskapen. Ingrid Brattbø hadde eit enormt trøkk ifrå start som holdt heilt inn og til siger i klassen for jenter 14 år (og GULL i krinsmeisterskapenkr. Gratulerer med medalje til begge to!
Tobias Græsdal Pedersen satsa friskt i klassen for gutar 15 år og hang på 3.plassen lenge, men «fekk det» dessverre i ein av dei harde bakkane mot slutten.
Bilete frå dagen:

Ingrid Brattabø suser inn mot KM GULL!