Heile 10 skiskyttera tok turen til Bygdastølen i Hålandsdalen. Veldig kjekt å vera tilbake i dei flotte løypene til Hålandsdølene. På laurdagens meny stod det sprint for nybyrjarane og fellesstart for dei frå 11 år og eldre. For 13 år og eldre var det kretsmesterskap i fellesstart. Andrea Sørheim Almeland i J 16 hadde gullblikket på plass frå start. Ho gjekk majestetisk i front, skaut tilnærma prikkfritt og klatra til topps på pallen. Hedda Høen Mo var ikkje like heldig på skytebanen, men klatra opp på 3. Plass. Torje Laupsa Mo G 14 havna rett utom pallen. Ronja Måkestad J 12 gjorde eit svært sterkt løp og blei premiert med 2.plass. Synneva Laupsa Mo J 11 klatra også opp på 2.plass. I nybyrjarklassane stilte Sigrid og Asbjørn Norheim, Jørgen Måkestad, Maylinn Hellene Fonneland og Sunniva Henriksen Vestbø. Klubben er svært stolt av alle saman. Gratulerer med vel gjennomførte løp. Resultat: https://www.haalandsdalil.no/?page_id=6946