I helga var eit knippe skiskyttera frå Kvam LSK til Vik i Sogn på kretsmesterskap normal og sprint.
Det snøa og bles seks knepp frå alle kantar, men dei tøffe skiskytterane segla i medvind og henta heim medaljar!
Klubben var representert med nybyrjarane Asbjørn og Sigrid Norheim som gjorde flotte renn begge dagar. Sigrid gjorde reint bord begge dagar, altså ti treff, begge dagar. Veslebror Asbjørn hadde ti treff i sundagens renn – så han slapp unna strafferundar.
Synneva Laupsa Mo j 11 fekk 2. Plass båe dagar. Storebror Torje Laupsa Mo g 14 fekk bronse båe dagar. Hedda Høen Mo j 16 fekk sølv båe dagar og i sundagens renn skaut ho ti treff og fekk med seg ein «fullt hus» diamant. Andrea Sørheim Almeland j 16 fekk bronse i laurdagens normalprogram. I sundagens sprint program klatra ho øverst på pallen og fekk gull!
Klubben er stolt over dei flotte utøvarane våre. Gratulerer.