For ei helg det har vore i Vik I Sogn i helga. Og for ein sesong:

Vår «eiga» Malin Auganæs Bergtun vart nummer 2. samanlagt i Norgescup for senior. Klubben er enormt stolt Malin. Ho har hatt ein særdeles flott sesong og det vert spanande å fylgja henne framover! Som det vart sagt på NRK «det blir nok fest i det skiskytterlaget» Klubben gledar seg!

Det er enormt stas at ei av Kvam lsk sine utøvarar tek Kongepokal! I fredagens sprint vart vinneren, «vår» Malin – krona med kongepokal! Klubben gratulerer!

Sundagen tok Hordaland sitt stafettlag sølv. Malin gjorde ein enorm innsats ilag med Une Kvelvane frå Voss og Andrine Hatling frå Fana. Une var og den einaste som klarte høgere enn «vår» Malin på samanlagt lista i Norgescupen!