Heile 15 løparar frå Kvam LSK stilte til start då TIF Viking skipa til KM i friteknikk i Herresåsen. Det var Sondre, Brage, Eirik, Tobias, Ingrid, Anders, Morten, Håkon, Vilde, Camilla, Vebjørn, Ingmar, Sindre, Kristin og Solveig. Kvam LSK fekk to kretsmesterar då Solveig og Kristin vant sine klassar. Sindre gjekk inn til ein sterk 2.plass i G15. Kretsmesterskapet er for 13 år og eldre. Sterkt løp av Ingrid med 3.plass i J11. Veldig kjekt at så mange frå Kvam LSK stilte til start i den kalde austavinden.