Her følgjer oversikten over klubbkolleksjonen for Kvam LSK for den komande vintersesongen (sjå vedlegg). I klubbkolleksjonen i år har vi jakke, bukse og vest til både junior og senior, ulike racingdressar og hue/panneband. Alt dette av merket DÆHLIE. I tillegg tilbyr vi ei vattert, vasstett og vindtett ytterjakke frå Bergans (sjå eige vedlegg). Ein klubbkolleksjon medverkar til samhald, er med på å byggje ein positiv identitet til klubben vår, og gir ein fin representasjon av klubben på trening, reise, renn og elles i kvardagen. Sponsorane våre er svært viktige medspelarar for oss. Dei bidreg årleg med midlar og ressursar som er heilt avgjerande for å skape eit godt tilbod til medlemmene i klubben. Det er derfor kjekt å kunne tilby sponsorane profilering på klubbkolleksjonen. Sparebanken Vest, GBS, Botnen Entreprenør, Lingalaks, Tecno og Mo Sport sponsar ekstra på Bergans klubbjakke. Resten av klubbklea har vi også fått gode rabattar på hos Mo Sport, i tillegg til at klubben delvis sponsar desse klea. Det vil vere mogleg å prøve alle klea frå klubbkolleksjonen på klubbkvelden på Mo Sport tysdag 5.november kl. 18-20. Bestilling må skje i løpet av kvelden. På klubbkvelden vil det også vere gode prisar på diverse skiutstyr, og elles 25 % rabatt på alle ordinære varer i butikken (sjå vedlegg).

Klubbkle Kvam LSK 2019/2020

Klubbjakke 2019