
Her har me 7 av dei 10 Kvam Lsk-løparar som deltok under dagens Samnangerrenn. Frå venstre: Endre Berg Leiren, Tobias Græsdal Pedersen, Sigmund Leigland Njaa, Ingrid Brattabø, Sondre Brattabø, Teodor Græsdal Pedersen og Marta Mo – flott gjeng!
Samnangerrennet gjekk av stabelen i kaldt flott januar-vær i Totræna Vinterpark i dag. 10 løparar frå Kvam Lsk deltok og hevda seg godt i dette krinsrennet i langrenn i klassisk. Det vart dobbel-siger i G11 år der Sondre Brattabø vann føre Teodor Græsdal Pedersen. Gratulerer – betre kan det ikkje bli! I J12 år gjekk Marta Mo eit godt løp til 3. plass berre 48 sekund etter vinnaren Marie Mostraum frå Osterøy IL. Ingrid Brattabø hevda seg særs godt i J13 år og tok ein sterk 2. plass knappe 28 sekund bak vinnaren.
I G13 år var Sigmund Leigland Njaa i aksjon og klarte ein flott 5. plass. Tobias Græsdal Pedersen gjekk inn til 10. plass i den sterke og store G14 års klassen, medan Endre Berg Leiren vart nr. 13 i G15 år. I M17 år vart Ingmar Leigland Njaa nr. 4, Johanna Mo vart nr. 4 i K19/20 år og så tråkka Knut Njaa skikkeleg til og vart nr. 19 over 10 km klassisk i Menn senior – imponerande! Me gratulerer alle og ser fram til å sjå dykk på serierenn i morgon på Sjusete!