Laurdag 20. januar arrangerte Viljar IL sprintrenn i langrenn på Voss ski- og tursenter. Kvam LSK deltok med 8 utvørarar i alderen 8-19 år.
Eirik og Kristin Brattabø deltok i dei yngre klassane som berre gjekk 0,7 km prolog. Fe klassen 11 år og eldre vart det også gått finaleheat.
Både Ingrid Brattabø (J15) og Tobias Græsdal Pedersen (G16) slo til med beste prologtid i sine klassar. I finaleheatet vann Tobias klart i klassen for gutar 16 år, mens Ingrid låg i tet halve den 1 km lange, falt litt bak mot slutten, men klarte å spurte inn til ein flott 2. plass. Gratulerer til begge to!
I klassen for gutar 13 år vart Sondre Brattabø og Teodor Græsdal Pedersen høvevis nr. 4 og 10 i prologen og havna då i kvar si finale (A og B). Begge to kriga godt i dei 1 km lange finaleheata og hamna som nr.3 etter intense spurtar. Dette gav 3.plass til Sondre og 9.plass til Teodor.
Ådne Kjosås deltok i klassen for gutar 11 år og gjekk inn til 3. plass i prologen. I finaleheatet hang han med dei to raskaste i prologen heile vegen, men klarte ikkje heilt å avansere i spurten. Flott plassering uansett!
Ingmar Leigland Njaa deltok i prologen for juniorar/seniorar og endte på 24.plass der.
Fleire bilete: