Har du gått litt på ski i vinterferien? Då er du iallefall klar for serierenn i klassisk stil på Sjusete måndag 6. mars kl.18:00.
Arve og Geir frå Mo Sport stiller med gratis smørjebu, så ein treng ikkje å uroa seg for å få feste 🙂 Bli med vaksen som ung. Dette er eit BREDDEARRANGEMENT! Sjølvsagt er kaféen open.
Har du ikkje vore med tidligare i vinter så møt opp 30 min før start.
Løypelengder::
3-10 år – 1 km
11-12 år og open klasse vaksen – 1,8 km
13-14 år – 3 km
15 år og eldre – 5 km