Kvam LSK har mange aktive medlemar og utøvarar. I sommar vil me ta ein prat med dei i klubben som verkeleg satsar på idretten sin. 19-åringen Malin Auganæs Bergtun fekk eit skikkeleg gjennombrot førre sesong og vi har teke ei prat med ho!
Andre utøvarar i denne intervjuserien har vore Sindre Gjøsæter, Kristin Sande og Erling Aalvik.
Kva bygd kjem du frå? Kor bur du no?
Eg kjem frå Norheimsund. I sommar bur eg heima, men til hausten skal eg flytta til Lillehammer.
Kor lenge ha du holdt på med skiskyting?
Begynte med skiskyting på grunn av at bror min dreiv med det, og då var eg rundt 8 år.
Kva lag og team har du vore med på i din skiskyttarkarriere?
Eg har vore med på Hordaland sine krinslag som har vore Team Statkraft Hordaland og no Team Glalaks.
Korleis er det å gå på eit gymnas med idrettslinje?
Det har vore veldig kjekt å gå på toppidrettslinja på Voss Gymnas. Gjennom denne linja har eg blitt kjent med mange som driver med det same som meg. Eg har lært mykje om skiskyting og kva som krevs for å oppnå det ein vil. I tillegg har eg lært mykje på skulen om trening generelt og korleis treninga påverkar kroppen.
Kva er dine beste resultat hittil i karrieren?
Eg har 2 Norgescup sigrar (Beitostølen og Mo I Rana). I tillegg så har eg ein 2.plass og ein 3.plass frå Norgescupen.
Korleis var siste sesong?
Siste sesong gjekk over all forventning. Sesongen starta veldig bra, med min fyrste Norgescup siger. Vidare i sesongen gjorde eg fleire gode prestasjonar, og enda til slutt på ein 3.plass samanlagt i Norgescupen.
Korleis trenar du i barmarkssesongen?
I barmarkssesongen prøver eg å variere treninga meir enn elles i sesongen. Eg prøver å variere treninga mellom skøyting, klassisk, løp og sykling. Om sommaren blir det mykje rolig trening.
Korleis finansierer du skiskyttarsatsinga?
Det meste av satsinga blir finansiert av mamma og pappen, men eg har i den siste tida prøvd å finne meg nokre private sponsorar.
Kva er målet for sesongen 2016/2017?
Målet for neste sesong er å fortsetta den utviklinga er har hatt. Dersom eg skal setja eit resultatmål må det blir topp 5 samanlagt og minst ein pallplass.
Kva idrottar dreiv du med som born og ungdom?
Eg har tideligare drive med riding, fotball og bordtennis
Når bestemte du deg for å verta god i idretten din?
Det var vel når eg begynte på vidaregåande at eg verkeleg bestemte meg for å satsa fult på skiskyting.
Kva tips har du til unge utøvarar i Kvam LSK som ønskjer å verta gode skiskyttarar eller langrennsutøvarar?
Det er kanskje litt kjedeleg, men det blir nok det å vera tolmodig. Og så må ein i tillegg ha det kjekt.
Kva er ditt største mål for karrieren?
Mitt største mål er å få lov til å gå verdscup.