Kristin under Sommar-NM i 2015

Kvam LSK har mange aktive medlemar og utøvarar. I sommar vil me ta ein prat med dei i klubben som verkeleg satsar på idretten sin. 18-åringen Kristin Sande startar etter sommaren på sitt tredje år på NTG Geilo og vi tok ein prat med ho i sommarferien.

Første utøvar i denne intervjuserien var Sindre Gjøsæter.

Kva bygd kjem du frå? Kor bur du no?
Eg kjem frå Norheimsund. Akkurat no bur eg på Geilo. Det har eg gjort dei siste to åra, og har eit år igjen her oppe.

Kor lenge ha du holdt på med skiskyting?
Har vel eigentleg holdt på med skiskyting heile livet, grunna at systera mi holdt på med det.

Kva krinslag og team har du vore med på i din skiskyttarkarriere?
Går for klubben Kvam LSK, men bur på Geilo og går på toppidrettsgymnaset her. Teamet eg går på er altså NTG-Geilo.

Korleis er det å gå på eit toppidrettsgymnas?
Det er heilt topp. Miljøet er perfekt for å kunne bli best i idretten. Eg har alltid nokon å trene med. Skulekvardagen er lagt opp slik at ein kan bli best mulig på idretten sin.

Myrintervall!

 

Kva er dine beste resultat hittil i karrieren?
Eg har to norgescupsigrar, ein som 17-åring og ein som 18-åring. I tillegg har eg ein del plasseringar topp 10, og 4.plass i NM junior.

Korleis var siste sesong?
Fekk trent bra gjennom sommar og haust, så sesongen starta bra. Men sleit ein del med sjukdom gjennom vinteren.

Korleis trenar du i barmarkssesongen?
Trenar mykje mengde, samtidig variert. Går mest i; skøyting, klassisk, staking og løp, i tillegg til styrke.

Korleis finansierer du skiskyttarsatsinga?
Store delar er finansiert av mamma og pappa, i tillegg til at eg pleier å jobbe litt på sommaren. Skiutstyret mitt er sponsa av Rossignol.

Kva er målet for sesongen 2016/2017?
Målet er å stabilisere meg i toppen, og skyte bedre. Det hadde sjølvsagt vore kult å kome seg til junior-VM, men det skal bli tøft.

Kristin under Norgescup på Lillehammer!

Kva idrett dreiv du med som yngre?
Frå eg var liten av dreiv eg både med skiskyting, langrenn, fotball, friidrett og trampett.

Når bestemte du deg for å verta god i idretten din?
Bestemte meg då eg var ganske ung, har alltid vore glad i å trene og konkurrere så det var naturlig å satse. For å fokusere mest mulig på skiskyting, slutta eg med fotball då eg var ca 16-17 år.

Kva tips har du til unge utøvarar i Kvam LSK som ønskjer å verta gode skiskyttarar eller langrennsutøvarar?
Det er viktig å trene variert, og ha det kjekt på trening!

Kva er ditt største mål for karrieren?
Mitt største mål er å bli så god at eg kan kjempe med verdseliten. Det inneber blant anna å kome inn på landslaget, for å utvikle meg endå meir der.

Rulleskimølle!