2015_02_08 Ulvikarennet

Gutar 10 år frå venstre: Teodor Græsdal Pedersen, Sondre Brattabø, Trym Gauteplass Skår og Brage Mo Vines.

10 utøvarar frå Kvam LSK deltok på Ulvikarennet i langrenn fristil sundag, 8. februar. Ingrid Brattabø enda på toppen av pallen i jenter 12 år etter eit flott løp. Marta Mo og Sindre Gjøsæter enda på 2. plass i jenter 11 år og gutar 16 år. Flott innsats! I gutar 10 år stilte Kvam LSK med heile 4 gutar som prega resultatlista. Gode løp av Brage Mo Vines, Sondre Brattabø, Trym Gauteplass Skår og Teodor Græsdal Pedersen.

Elles deltok Eirik Brattabø (gutar 8 år), Jonas Hauger (gutar 12 år) og Eirin Tufteland (jenter 15 år). Flott innsats av alle saman 🙂 Trym Gauteplass Skår og Jonas Hauger var både med for fyrste gong på krinsrenn i langrenn. Kjekt!