Onsdag 8.juni arrangerte klubben rulleskidag på Sjusete for alle som ville prøve i trygge omgjevnader. Vel 10 store og små møtte opp og fekk framifrå instruksjon frå instruktørane Sindre Gjøsæter, Ingmar Leigland Njaa og Joanna Valland!
Mo Sport lånte ut demo-ski, ga råd til foreldra og fiksa rulleskipiggar. Takk til Geir og Arve!
Etter 1 time med instruksjon hadde Britt Børve stelt istand eit matbord utanfor skihytta med frukt, boller, saft, kaffi og kjeks 🙂
Det vart ein god start på eit tiltak det vert fleire av utover seinsommaren og hausten. Vel møtt neste gong!