Åtte Kvam Lsk-løparar deltok under det tradisjonsrike Jularennet på Korlevoll 2. juledag. Igjen var det flotte prestasjoner å sjå og lese av resultalista. Sondre Brattabø gjekk eit flott løp og gjekk inn til siger i G11. Broren Eirik Brattabø gjekk eit flott løp i G8 og i J12 årsdebuterte Marta Mo med ein 7. plass. Ingrid Brattabø vart nr. 3 i J13 medan Tobias Græsdal Pedersen vart nr. 8 i den sterke G14 klassen. Tre dyktige skiskyttarar hadde tatt turen til Korlevoll. Eirin Tufteland vart nr. 8 i J16. I K18 var det det knallsterk siger til Kristin Sande med heile 1 sekund til nr. 2 medan Malin Auganæs Bergtun tok ein flott 2. plass i K19. I same klasse vart Johanna Mo nr. 6. Me gratulerer! Resultata finn du her.