Fleire løparar frå Kvam Lsk heiv seg rundt frå julamat og -gåvar, og meldte seg på renn i romjula. Korlevoll arrangerte det årvise Jularennet 2. juledag med 9 deltakarar frå Kvam Lsk. Det er kjekt å sjå at me har deltakarar med frå klasse 8 år og til og med senior-klassen. Diverre var det ingen av våre løparar som hevda seg heilt i toppen denne gong. Dagen etter gjekk Røldalsrennet av stabelen der me hadde 3 løparar til start. Teodor og Tobias Græsdal Pedersen og Solveig Torsvik. Solveig vart nr. 2 berre 8 sekund frå sigeren. Resultatlista finn du her:
Jularennet: http://www.langrenn.com/resultater-jularennet-2014.5646076-114053.html
Røldalsrennet: http://www.langrenn.com/resultater-roeldalsrennet-2014.5646083-114053.html