Isak Børve og Sindre Gjøsæter deltok i dagens NM Masters på Geilo 5.4.2024. Begge to stilte i klassen for menn 21-30 år. Sindre slo til med feilfri skyting og vart nummer 7. Sindre la opp som skiskytter i 2020, men gjekk norgesmesterskap i 2022 i Vik i Sogn. I 2024 stilte han i NM Masters, kva skjer då i 2026? Isak la opp i 2013 og har ikkje gått skiskytterrenn sidan han gjekk i gutar 14 år. Litt lurvete skyting gav Isak ein 20 plass i NM Masters på Geilo. Klubben håpar å sjå Isak og Sindre med startnummer i fleire renn. Hanna Børve, Isak si veslesøster har tatt bildet. Hanna Børve og Andrea Sørheim Almeland gjekk i Kvinner senior i norgesmesterskap i sprint på Geilo.