Ingvild Lilletveit Kvåle frå Kvam Lsk gjekk til topps i dag i J13 år under skiskyttarrennet Bendit Kvalfossprinten i Holmenkollen. Det var normal program og Ingvild gjekk fort og ikkje minst, ho skaut feilfritt. Å vinna i Kollen der alle dei fremste unge skiskyttarane i landet deltar, er fantastisk bra! Me gratulerer! Gode prestasjonar av dei andre Kvam Lsk-løparane også!
Kvalfossprinten er eit årevis arrangement for 13-16 åringar i Holmekollen som samlar unge deltakarar frå heile landet. Lagvennina til Ingvild, Vilde Lunde Aalvik, gjekk og to gode løp. Laurdag vart ho nr. 42 og endå betre gjekk det sundag der ho vart nr. 25 etter feilfri skyting på siste skyting. Gaute Øymo Mælen gjekk inn til 81. og 72. plass i den store G13 års klassen. Anders Aalvik Stranden gjekk eit suverent godt løp på laurdag der han vart nr. 10 i G14 år. Sundag vart det 22. plass. Hanna Børve hevda seg endå betre med ein 11. plass på sprinten om laurdagen og ein solid 9. plass på normal programmet sundag. Laurdag lå ho heilt oppe på ein 3. plass inn til andre skyting. Der vart det 3 bom, og det var minst tre for mykje om ho skulle klart ein pallplass. Eirin Tufteland gjekk seg inn til 41. plass laurdag og 40. plass sundag. Båe dagar vart det diverre litt for rufsete skyting til at ho kunne hevda seg høgare opp.
Alt i alt – dette var flott innsats og ei kjekk oppleving for desse dyktige Kvam Lsk-løparane! Detaljane om resultat finn du på www.eqtiming.no. Under finn du ei oppsummering.
Navn | Klasse | Laurdag – Sprint | Sundag – Normal |
Ingvild Lilletveit Kvåle | J13 år | 21 (2-3) | 1 (0-0) |
Vilde Lunde Aalvik | J13 år | 42 (3-2) | 25 (2-0) |
Gaute Øymo Mælen | G13 år | 81 (4-2) | 72 (3-2) |
Anders Aalvik Stranden | G14 år | 10 (2-0) | 22 (1-2) |
Hanna Børve | J15 år | 11 (0-3) | 9 (1-0) |
Eirin Tufteland | J16 år | 41 (3-3) | 40 (5-1) |