Nærmare 80 unger har i år vore med på Kvam LSK si nyoppstarta idrettsskule for born i alderen 7-12 år. Dei ulike gruppane har utanom ordinær skitrening og skileik om vinteren vore innom varierte aktiviteter som terrengsykling, rulleski, friidrett, kajakkpadling, fjelltur, skogstur, klatring, terrengløp og basis-/motorikktrening. Ungane har vist stor idrettsglede og me ser at god mestringskjensla dukkar opp hos ulike ungar på ulike aktivitetar! Dei ulike gruppane har vorte fine gjengar som har det kjekt ilag 🙂
Idrettsskulen forsetter fram mot jul med både klatring, rulleski, skiskyting, terrengsykling, basis-/motorikktrening, stjerneorientering, aketur og VossVind.
Dette nye tilbodet har krevd ein del ressursar til planlegging og oppfølging, og ikkje minst alle dei som har hjulpet til som instruktørar/hjelpeinstruktørar. For å kunne gi eit minst like godt tilbod i 2018 er me avhengige av foreldre bidreg enten det er med planlegging og oppfølging, eller som instruktørar/hjelpeinstruktørar. Ta gjerne kontakt med styret om de kan bidra!
Litt bilete frå aktiviteter hittil i år: