Gla’laks cup nr. 5 vart avvikla på Sjusete i dag. Heile 105 deltakarar frå heile Hordaland og Vik i Sogn sprinta seg igjennom det flotte vêret. Trass i mykje regn i dei siste dagane, baud løypemannskapa på flotte løype. Ein stab av dyktige funksjonærar sørga for at rennet vart vellukka. 15 løparar frå Kvam Lsk deltok og dei sikra seg 6 pallplassar. Det vart 4 fyrste og 2 tredje plassar. Sigre til Trym Gauteplass Skår (G12), Ingvild Lilletveit Kvåle (J14), Anders Aalvik Stranden (G15) og Hanna Børve (J16).
Gratulerer alle dei andre løparan frå Kvam Lsk ôg med framifrå innsats; Asgaut Laupsa Mo, David Skåre Døssland, Hedda Høen Mo, Øyvind Hildonen Teigland, Mari Børve Rasmussen, Vilde Lunde Aalvik og Eirin Tufteland.
Kjekt å sjå at dei yngre løparane i sving og med flott løp igjen i dag. Eigil Hildonen-Teigland, Frede Gravdal, Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mo. Gratulerer alle saman med flotte løp!