OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Like før start i Ørnarstafetten i 13-16 års klassen. Endre Berg Leiren heilt til høgre

Me har nett landa etter ein flott dag i Årmotslia i Myrkdalen der det var Ørnarstafett som også var KM stafett. Dei fire laga frå Kvam Lsk hevda seg godt i skarp konkurranse med andre lag frå heile fylket.

Først ut var laget i gutar 8-10 år. Teodor Græsdal Pedersen tok starten og fløy frå alt og alle og klappa Brage Mo Vines på skuldre i klar leiing. Brage jaga vidare og veksla med Sondre Brattabø som gjekk inn som fyrstemann i denne klassen. Neste Kvam Lsk lag var jenter 11-12 år der Ingrid Brattabø gjorde ein god fyrste etappe og sendte Marta Mo ut på andre etappen. Marta gjekk ein fantastisk flott klassisk etappe. Då var det for Ingvild Lilletvedt Kvåle å sikre sigeren på 3. etappe og det gjorde ho til gangs. Laget var faktisk tredje beste i lag med gutar 11-12 år!

Då var det Kvam Lsk sitt lag i gutar 13-16 år si tur med Endre Berg Leiren, Tor Børve Rasmussen og Tobias Græsdal Pedersen. Dei gjekk seg inn til ein fin 10. plass i den store klassen. Her var det stor skilnad i størrelse, og me hadde eit av dei yngste lag. Flott innsats av Endre, Tor og Tobias. Til slutt stod me att me det etterkvart legendariske jentelaget med Johanna Mo, Kristin Sande og Malin Auganæs Bergtun. Det ble «girl power» og ein flott 2. plass i kvinner 17-19 år. Under finn du ein kavalkade me bilete son synar ein flott dag i Myrkdalen med flotte ungdomar frå Kvam Lsk!

Resultatlista finn du her:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Teodor i full fart mot veksling
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Brage «gønnar» ut frå start
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Sondre flyg ut på 3. etappe
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Raske karar frå Kvam Lsk. Frå venstre: Sondre, Brage og Teodor
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ingrid i kraftfulle dobbeltak
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Marta klyv bakkane i full fart
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ingvild sikrar sigeren inn til mål
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ingvild. Marta og Ingrid er klare til start
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Dei same jentene på sigerspallen etter løpet
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Tobias, Tor og Endre er klar for stafett
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Tor på vei mot veksling
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Tobias skøytar seg ut frå veksling
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Johanna spurtar inn mot veksling
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Kristin sprintar opp bakkane
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Girl power – Johanna og Kristin er særs nøgd med Malin si siste etappe