20140921_131814

Haustjakta er i gong i meir enn ein forstand. Måndag, 13. oktober er me klar til start for det andre rennet av i alt 3. Meld deg på snarast og seinast innan 10. oktober på Minidrett.

Me skal ha to rulleskirenn til i haust på Sjusete. Det er måndag, 13. oktober og måndag, 10. november. Renna startar kl. 18.00. Innskyting kl 17.15 – 17.45.

Påmelding på www.minidrett.no . De søkjer på «Rulleskirenn langrenn/skiskyting». Der får de opp begge renna. Både langrenn og skiskyting melder seg på her. Hugs å bekrefte påmeldinga. Påmeldingsfrist for det fyrste rennet er 10. oktober og 7. november for det andre rennet.

Dersom det er nokon som ikkje får til å melde seg på, så sender de ein e-post til : kristin.gjo@outlook.no

Funksjonærlister finn de på www.sjusete.com 31.08.2014 under «Renn i haust» (dei som har gitt tilbakemelding på at dei ikkje kan møta treng ikkje sende ny melding).

Rulleskirenn for alle t.o.m 13 år (f.2002). Springing for dei under 13 år. Aldersgrense for rennet: Fødd i 2005 og tidlegare.

Det blir premiering etter siste rennet.

Me har like løypelengder både på normal og sprint (same løypelengder som me hadde på sist renn).