I helga har det vore landsdelsmeisterskap skiskyting i Vik. 8 deltakarar frå Kvam LSK deltok og 5 av dei tok medaljer! Best gjorde Hanna Børve det i jenter 13 år. Sundag vart ho landsdelsmeister i normalprogram. Eit flott resultat etter god fart i sporet og suveren skyting! Laurdag vart ho nr. 4 på sprinten. Medaljer vart det og på Malin Auganes Bergtun i K17 med sølv på laurdagens sprint. Kristin Sande tok bronse sundag i J16, Sindre Gjøseter tok og bronse på normaldistansen sundag i G15 etter ein 5. plass laurdag medan Vilde Lunde Aalvik tok ein flott 3. plass på sprinten. Det vart ein 5. og ein 12. plass på Anders Aalvik Stranden i G12 år. Eirin Tufteland tok to 5. plassar medan Camilla Lunde Aalvik vart nr. 6 på laurdagens sprint. Begge går i J14 år. Komplette resultat finn du på vikil.no