Serierenn klassisk – måndag, 26.1 er det klart for serierenn i langrenn igjen. Renn nummer 2 av 5 skal i gong og stilarten er klassisk. Mo Sport stiller med «smørebu» og bidrar med god hjelp til å smørje ski. Målet er sjølvsagt godt feste og god glid for alle, men kanskje mest av alt å få fleire til å meistre å smørje skia sjølv. Ikkje berre dei vaksne, men born og unge også. Arve Øyri, Geir Mo & co stiller med smørekofferten full og bidrar utan at det skal koste noko.
Me oppmodar store og små – bli med på skirenn! Rennstart 18:00. Påmelding i sekretariatet i god tid føre for dei som ikkje allereie er påmelde. Merk! Me er ikkje strenge på riktig stilart blant dei yngste. Kaféen er open der varme og kalde godsakar står klar – velkomen!