Skiskytterane på gla’laks renn / LM vest og øst!(LM = landsdelsmeisterskap)

Hans Rykkje trona øverst på pallen, medan Jakob Aarekol Botnen kom på 3.plass i G 11 år laurdagen. Sundagen kom Hans på 3.plass og Jakob på 4.plass

Torje Laupsa Mo 2.plass både laurdag og sundag i G 12 år. Sundag slo Torje til med 10 treff og sikra seg diamant og diplom. Eskil Høen Mo gjekk laurdag, men måtte stå over sundagens renn pga sjukdom.

I 14 års klassane deltok Andrea Sørheim Almeland, Hedda Høen Mo og Asgaut Laupsa Mo. Flotte prestasjonar av alle tre. Sundagen slo Hedda til med ti treff i svært utfordrande skyteforhold og sikra seg ein diamant og diplom. Hedda var einaste deltakar av alle over 13 år som fekk diamant denne dagen!

Synneva Laupsa Mo deltok laurdag og sundag i nybyrjar 10 år og yngre.

Medan desse åtte var i Vik i Sogn fekk Hanna Børve og Sindre Gjøsæter vist seg fram på LM Øst. Båe to sikra seg kvar sin landsdelsmeisterskap tittel.
Klubben gratulerer med flotte løp til alle saman.
Resultat:
https://live.eqtiming.com/50594

https://www.eqtiming.no/quick/index.php?page=eqtevent&eventuid=51772&sport=25-259-382&focusuid=52108

https://www.eqtiming.no/quick/index.php?page=eqtevent&eventuid=51788&sport=25-259-382&focusuid=52063

Når ein treff alle dei små blinkane får ein “diamant” og diplom frå Norges skiskyttarforbund

Synneva Laupsa Mo på veg mot mål

Hans Rykkje har dekka seg godt til i det sure været

Torje Laupsa Mo

Jakob Aarekol Botnen

Synneva Laupsa Mo saman med dei andre nybyrjarane

Hans Rykkje kom på 1. plass og Jakob Aarekol Botnen på 3. plass

Andrea Sørheim Almeland og Hedda Høen Mo på premieutdelinga

Hedda Høen Mo mottar diamant som einaste med 10 treff frå 13 års klassen og oppover. Klubben gratulerer med fantastisk skyting i stormen.

Asgaut Laupsa Mo og resten av klassen G14 mottar premiar.

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter