Onsdag 19. september vart det for andre gong arrangert terrengløp i skiløypene på Sjusete. 44 store og små møtte opp til i skikkeleg ruskevér! Alle fekk noko å bite i etter løpet i skihytta 🙂
Det vart løpt traséar på 0,7 km, 1,4 km, 2,5 km og 4 km i den delen av lysløypa som ikkje er asfaltert. Alle viste stor idrettsglede og tok seg godt ut!
Raskest i 4 km løypa var også i år Endre Berg Leiren med tida 15:18, tett etterfulgt av far Amund berre 10 sekund bak. Markus Straumstein var raskest i 2,5 km løypa med tida 10:40. Bra jobba!
Me må og takka alle som hjalp til med å arrangere løpet.