Gla’laks (skiskyting) nr 2 vart flytta to dagar fram og til kveldstid 28. desember.Trass kalde fingrar og tær viste Kvam LSK seg fram, sjølv om det vart teke få bilder.
Malin Auganæs Bergtun kom på 3. plass i kvinner senior.
Torje Laupsa Mo G 12 skaut fullt hus og får ein diamant for bragden. Han var i godt selskap i G 12 klassen der det vart heile fem diamantar. Han enda tilslutt på ein flott 4. plass. Ronja Måkestad gjekk sitt første skiskytterrenn i nybyrjar J 10 år og yngre. Dette gjorde ho med glans og uttala at det var veldig kjekt i etterkant.Synneva Laupsa Mo nybegynner 10 år og yngre, Hans Rykkje G 11, Eskil Høen Mo G 12, Andrea Sørheim Almeland J 14, Hedda Høen Mo J 14, Asgaut Laupsa Mo G 14 og Anders Aalvik Stranden M 18 gjekk også for Kvam lsk.For fullstendig resultat sjå https://live.eqtiming.com/51393Alle foto: Silje Laupsa Mo og Frode Måkestad

Ronja Måkestad klar på startstreken.

Synneva Laupsa Mo klar på startstreken.

Hedda Høen Mo i aksjon

Torje Laupsa Mo får premie