Denne helga har Kvam Langrenn og skiskytterklubb arrangert kretsrenn i skiskyting. Laurdag arrangerte klubben Gla’laks 9 i normalprogram og sundagen var det avslutningsrenn i Gla’Laks cupen.
Det var 74 deltakarar laurdag og 76 deltakarar sundag. 18 av deltakarane kom frå Kvam LSK.
Andrea Sørheim Almeland stakk av med samanlagtseier i J 16 klassen. Den gjeve tittelen vart premiert med pengepremie og genser. Gratulerer til ho. Lagvenninne Hedda Høen Mo tok delt 2 plass i same klasse. Torje Laupsa Mo enda på 3. plass samanlagt i G 14. Jakob Aarekol Botnen kom på 3 plass samanlagt i G 13 år. Samanlagt resultat i cupen vert rekna i klassane 13 – 16 år. På grunn av covid-pandemi såg ein i år bort frå kravet om deltaking på 5 renn. Det vart av same grunn ikkje kåra vinnar av skytecup, slik ein normalt gjer.
Det er kjekt å sjå samhaldet mellom utøvarane i klubben. Dei er flinke å heie kvarandre fram, dei testar ski saman, dei finn ut løyper saman og dei viser omsorg for kvarandre innad i klubben. Men me ser og at samhaldet går på tvers av klubbane. Mange av Kvam LSK sine utøvarar har knytt vennskap inn i dei andre klubbane i kretsen. Etter premieutdelinga så seier dei fleste: «snakkast på Liatoppen om halvannen veke».
Å arrangere kretsrenn i skiskyting er dette året dei største arrangementa ein har på Sjusete. 40 personar stod på dugnadslista begge dagar. Klubben er evig takknemleg for den gode dugnadsånda ein har i Kvam LSK, og nettverket rundt klubben. Tusen hjartans takk til alle saman.