8 utøvarar og støtteapparat reiste i helga til Vik skisenter for dobbeltrenn i Gla’laks cupen.
I klassen for nybyrjarar gutar og jenter 10 år og yngre stilte Anved Tombre Soldal, Hans Rykkje, Vijus Vencius og Synneva Laupsa Mo. Me er stolte over dei flotte nybyrjarane våre. Dei gjorde alle flotte løp.
I gutar 11 år stilte Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo. Eskil Høen Mo hadde ein bom på kvar av skytingane og enda på ein flott femte plass. Det var mykje god skyting og heile fire gutar i den klassen skaut fullt hus og fekk diamant. Torje Laupsa Mo var ein av dei fire med fullt hus og vart stolt eigar av ein diamant. Han enda på pallen med ein flott 3. plass.
Både Hedda Høen Mo J13 og Asgaut Laupsa Mo G13 fekk prøve seg på krinsmeisterskap i fellesstart. Starten gjekk fint for begge to. Asgaut Laupsa Mo skaut fem rett ned på første skyting, hadde god fart i sporet og leda klassen sin inn til andre skyting. Då gjekk det ikkje så bra, det vart fire rundar i strafferunden og han enda tilslutt på ein 6. plass. Hedda Høen Mo fekk seg to rundar i strafferunden etter begge skytingane og enda også på ein 6. plass.
Etter tacomiddag, og ein veldig sosial kveld på hotell i Vik, var det nokon trøytte utøvara som stilte til start søndagen.
Denne flotte søndagen var det sprint program for alle og det var vel ingen som hadde veldig lysst ut i strafferunder. Eskil Høen Mo G11 trekte det lengste strået og susa rett forbi strafferundane etter begge skytingane og enda opp som einaste i klassen sin med fullt hus og diamant. Med berre to små sekund opp til vinnaren enda Eskil på ein flott 2 plass. Torje Laupsa Mo i G11 år måtte innom strafferundane etter begge skytingane og enda opp på ein flott 4. plass.
Hedda Høen Mo i J13 måtte også innom strafferundane etter begge skytingane og enda opp med ein 8 plass. Asgaut Laupsa Mo i G13 var millimeterar frå diamant i dag. Han slapp under med ein runde og enda opp på ein sterk 4. plass.
I nybyrjar gutar 10 år og yngre måtte Hans Rykkje, Vijus Vencius og Anved Tombre Soldal også prøve ut strafferundane. Men det var dei ikkje åleine om. I nybyrjar jenter 10 år og yngre traff Synneva Laupsa Mo alle blinkane. Flotte løp av alle fire nybyrjarane!
Fleire bilete (Foto: Silje Laupsa Mo):