Sundag 20. januar reiste 11 Kvam LSK’arar til Myrkdalen for krinsrenn i skiskyting i Årmotslia skisenter.
I nybyrjarklassane 10 år og yngre deltok Synneva Laupsa Mo, Tuva Gauteplass Skår og Vijus Vencius. Alle skaut veldig bra! I klassen for gutar 11 år deltok Henrik Mo Seljebotn, Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo. Torje skaut fullt hus og enda på 3.plass. Ved fullt får ein diamant i premie til dei andre frå klubbens store beundring 🙂
Asgaut Laupsa Mo enda på 5. plass i 13-årsklassen, mens Hedda Høen Mo enda på 7. plass i jenteklassen. Ingen hadde dagen på standplass og det vart litt for lite treff. Trym Gauteplass Skår enda på ein fin 4.plass i klassen for gutar 14 år.
Anders Aalvik Stranden skaut best av alle i klassen for menn 17 år tok sigeren i sin klasse. Eirin Tufteland var tilbake i sporet etter langt skadeavbrekk og skaut bra!
Flott jobba av alle saman!
Fleire bilete (av Silje Laupsa Mo og Anita Aalvik) :