Måndag 17.oktober kl.19-20 startar vi opp med barmarkstreningar for 2004-2006 på Sjusete eller anna plass ifølgje vedlagte plan. Instruktør Gunn Hilde Øymo har sett saman ein variert og spanande ttreningsplan frå mot jul 🙂 Bli med på artig og variert trening som førebur deg til å få ski på beina til vinteren!
Det er laga eit veldig variert program for hausten som du finn nederst. Det kan nemnast myrløping, stisykling, rulleski, elghufs og mykje meir.
Alle som er fødd i 2004-2006 får tilbod om å være med i denne treningsgruppa. Dei som er fødd i 2004 vil få vera med dei eldste (2003 og eldre med Tom) på nokre økter i november/desember, og dei vil også få vera med på fleire treningar mot slutten av skisesongen. Det er ikkje ein føresetnad at ein har vore med før, men ein bør då vera med no frå starten av.
Om du har spørsmål om treningane kan du ta kontakt med Gunn Hilde:
Gunn Hilde Øymo – 922 16 013 / ghoeymo@gmail.com
For dei som driv med skiskyting vert da også oppstart av skytetrening denne måndag kl.18-19 (Oppmøte kl.1745). Detaljert plan for desse treningane vert lagt ut så snart me er igang. Instruktør er Morten Teigland Hildonen.
Me minner også om basistrening kvar onsdag inne i Øystese idrettshall kl.18-19. Basistrening er allsidig og morosam trening av heile kroppen der du vert «trent for å trena». Basistreninga til Kvam LSK fokuserer på både styrke, stabilitet og balanse, samt at vi utover hausten vil dra inn meir spesifikk trening mot det å gå på ski.