Kvam LSK har fornya avtale med Magne Landrø AS. Landrø er ein av dei største aktørane i landet innan skiskyting og skyting. Avtalen gjev rabatt på ammunisjon, våpendeler, tilbehør og service på våpen.
Magne Landrø AS kan tilby fylgjande føremon:
- Fast 20 % rabatt på Lapua Polar og SK STD+ og Rifle Match.
- Fast 10 % rabatt på Anschütz originaldelar.
- Fast 15 % rabatt på pusse- /vedlikehaldsartiklar, reimar, sele og rekvisita.
Det gjev ikkje rabatt på varer som er på tilbod eller som er nettoprisa.
Ved våpenkjøp får medlemmane i Kvam LSK tilgang til klubbpris, som er Landrø sin lågaste pris på våpen. Avtalen inneber at me vert prioritert ved levering av varer under Norgescup og NM i skiskyting.
Alle medlemsfordelene forutset at medlemene henviser til klubbavtale og at medlemskort forevises (PS! Om nødvendig kan du skrive ut medlemskort i Kvam Lsk i MinIdrett!). Hugs at våpenkort eller gyldig utlånsavtale må leggjast fram ved kjøp av ammunisjon.
I nettbutikken må kundar av klubb med klubbavtale oppgi dette, så legg dei inn riktig rabatt. Tilsvarende rabatt gis også ved handel over disk i forretninga.
Kontaktperson Kvam LSK: Ammunisjonsforvaltar Sigurd Sande, tlf 928 86295
Hjemmeside: http://landro.no/
Magne Landrø AS, Stillverksveien 1, 2004 Lillestrøm