Bergensklubbane Fana og Viking måtte dra til Voss for å arrangere Fanarennet og Vikingrennet. Me hadde kortare veg og hevda oss godt i konkurransen. Sigre til Sondre Brattabø i G11 år laurdag og Sindre Gjøsæter i M17 år sundag. I tillegg vart det produsert ein flott video frå rennet på laurdag. Den finn du her:
Laurdag gjekk Fanarennet i klassisk. Der vart det siger til Sondre Brattabø i G11 år der Teodor Græsdal Pedersen vart med på sigerspallen på 3. plass. Marta Mo gjekk eit flott løp til 3. plass berre 17 sekund etter vinnaren. Ingrid Brattabø vart nr. 2 i J13 år medan Tobias Græsdal Pedersen var nr. 8 i G14. Me legg til at Kristin Brattabø gjekk eit supert løp i J8 år!
Sundag var det klart for Vikingrennet i fristil. Igjen gjekk Kristin Brattabø eit flott løp i J8 år der bror hennar Eirik skøyta flott i G8 år. Sondre Brattabø fekk ein flott 2. plass i G11 år der Teodor Græsdal Pedersne gjekk seg inn til 6. plass. Her fekk dei to kompisen Brage Mo Vines med seg og han fek ein flott 10. plass. Marta Mo gjekk inn til 7. plass i J12 år og Ingrid Brattabø gjekk eit sterkt løp i J12 år til ein 2. plass berre 8 sekund etter vinnaren Helene Martinsen frå Fana IL. Tobias Græsdal Pedersen gjekk eit godt skøyteløp til ein 6. plass i G14 år. So var det dei litt større sin tur for i M17 år slo skiskyttaren Sindre Gjøsæter knock-out på konkurrentane og sigre i suveren stil heile 2:24 føre andremann. Ingmar Leigland Njaa hadde gode ski og god fart som til slutt vart til ein flott 4. plass i same årsklasse. I K19/20 vart Johanna Mo nummer 5.
Me gratulerer flinke Kvam Lsk-løparar i Herresåsen!
Resultatlista frå Vikingsløpet sundag finn du her. Resultatlista frå Fanarennet laurdag finn du her