OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingvild Lilletveit Kvåle til høgre og Vilde Lunde Aalvik til venstre stod øvst på pallen i Årmotslia i helga. Mari Børve Rasmussen i midten venter litt med sesongopninga.

Opningsrennet i skiskyting gjekk tradisjonen tro av stabelen i Årmotslia i Myrkdalen på sundag, og Kvam Lsk løparane hevda seg godt. Sigre til Ingvild Lilletvedt Kvåle, Anders Aalvik Stranden, Hanna Børve og Sindre Gjøsæter. Flotte andre plasser til Vilde Lunde Aalvik og Eirin Tufteland medan Trym Gauteplass Skår og Gaute Øymo Mælen gjekk inn til tredje plasser. Me gratulerer med ein flott start på sesongen!

Vegen heim vart lang for mange då Europavegen vart stengd ovanfor Voss. Ein heimveg på 7 timar er jo ikkje berre berre, men med gode resultat i bagasjen så kunne det ha vore verre! Resultatlista finn du her