Malin Auganæs Bergtun, Kristin Sande og Sindre Gjøsæter deltok i NM for juniorer i skiskyting i Granåsen nær Trondheim. Fredag var det normalprogrammet som gjekk av stabelen. Best av våre vart Malin som slo til med ein flott 5. plass i K19 etter å ha skutt 19 treff av 20 mogelege. Det er rett og slett framifrå skyting! Kristin Sande vart nr. 14 i K18 etter totalt 5 bom. Sindre gjekk seg inn til 21. plass i M17 etter stor fart i sporet, men diverre 8 bom på standplass. Laurdag var det sprint og her var det Kristin Sande som vart best av våre med ein flott 8. plass med 2 bom på siste skyting. Kristin var heilt opp på ein 3. plass ut frå fyrste skyting. Malin vart nr. 19. og Sindre nr. 24 på sprinten. Me gratulerer dei dyktige juniorane våre med flott innsats i NM! Resultata finn du her