Flotte forhold på standplass

16 løparar stilte til start i kveld i det tredje serierennet i skiskyting. Flotte forhold i nypreparert løype gjorde sitt til at det vart eit flott renn. 4 løparar skaut fullt hus denne kvelden. Isak Botnen, Frede Gravdal, Hedda Høen Mo og Anders Aalvik Stranden var alle treffsikre og fekk alle blinkane ned. God stemning blant løparar, funksjonærer og føresette. Neste og siste serierenn i skiskyting vert 13. mars. Då er det også klubbmeisterskap – vel møtt då!

Resultat

Sigve Mo føl godt med på innskyting


To aspiranter føl også med – Tuva Gauteplass Skår og Synneva Laupsa Mo