Onsdag 13. september vart arrangert terrengløp for medlemmer i Kvam LSK i skiløypene på Sjusete. Heile 43 store og små møtte opp til denne nyvinninga! Alle fekk deltakarpremie og noko å bite i etter løpet i skihytta 🙂
Det vart løpt traséar på 0,7 km, 1,4 km, 2,5 km og 4 km i den delen av lysløypa som ikkje er asfaltert. Alle viste stor idrettsglede og tok seg godt ut!
Raskest i 4 km løypa var Endre Berg Leiren med tida 16:43, mens Jarand Valland Tveit var raskest i 2,5 km løypa med tida 11:13. Bra jobba!
Me må og takka alle som hjalp til med å arrangere løpet.
Bilete frå løpet: